Flørt med annan dans – kl. 10.00 – 12.30
Bergen har eit fantastisk rikt dansemiljø og på dette kurset vil me møte nokon av dei aller beste dansande bergensarar som er. Kurs i Breakdance med gutta, Piero «The Hero» Issa og Ole Petter «Hoolio» Knarvik, fra Absence. Stad: Bergen Katedralskule. Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: 100 kr.
Tralling til dans – kl. 10.00 – 15.00
Kvedargruppa i Bergen inviterar til kvedarworkshop med Linda Røyseth Sandhåland. Stad: Schøttstuene, Bryggen. (OBS! OBS! Feil tid i programheftet – dette er det som gjeld!) Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: 200 kr.
Foredrag “Om dans” – kl. 11.00 – 12.30
Med Ingar Ranheim. Stad: Hotell Norge (OBS! Endret sted). Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: 100 kr
Den vesle prinsen – kl. 11.30 – 12.30
Ei familieframsyning med norsk folkemusikk og folkedans som byggjer på Antoine de Saint-Exupéry si verdskjende historie om den vesle prinsen som reiser ut i verda for å finne vener. Musikarar Gro Marie Svidal og Tom Karlsrud samt frikaren Ulf Arne Johanessen. OBS! Begrenset antall plasser, 180 stk. Stad: Gimle. Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: Familie (2 voksne og 2 barn) 300 kr, Vaksne: 150 kr, Barn: 50 kr.
Middagsdans – kl. 12.30 – 15.00
På Bryggen. Vegar Vårdal og Patrik Andersson spelar til dans, medan jentene frå fant&fente tek oss med gjennom leik, dans og moro for dansarar i alle aldrar. Fri inngang!
Framsyningar på Torgalmenningen kl. 15.00 – 18.00
Har di gruppe lyst til å danse ei lita framsyning i sentrum, er det mogleg i dette tidsrommet. Ta kontakt med oss i Bergen på mail.
Intimkonsert med Storli/Morken/Rysstad – kl. 18.00 – 19.00
Festivalmusikarane har med seg fjorårets INTRO-folk-vinnar Kim André Rysstad. Nydeleg og stemningsfullt. Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: 150 kr
Dansekveld – kl. 19.00 – 02.00
I ulike musikalske former og fasongar spelar festivalemsemblet oss gjennom ein laus og ledig dansekveld der me trør siste kreftene ut i festivalnatta. Festivalen blir også avslutta med den fantastiske danseførestillinga «Rand» med fant&fente. Denne langtlevande dansegruppa har hatt mange prosjekt og etter vår meining har det aldri vore betre enn no. Inkl. i festivalpass og dagspass. Utan pass: 400 kr.